Sikrar fagfolk til bransjen 

Pro Vestland opplæringskontor hjelper over 100 lærlinger med å finne si idelle lærebedrift kvart år. No har dei blitt medlem i Hub for Ocean. 

 

Pro Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for teknologi- og industrifag, salsfag, administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Dei rekrutterer lærlinger til sine medlemsbedrifter og følger opp lærlingane frå søknad om læreplass til fagarbeidar. I tillegg tilbyr dei relevante kurs til lærlingar som til dømes teorikurs i sveising, kurs i salsfaget og rekrutteringsstrategi på korleis ein skal bli attraktiv på jobbmarknaden.  

Vi har tatt ein prat med Jorunn Kirketeig, dagleg leiar i PRO Vestland opplæringskontor, for å bli betre kjent med selskapet. 

 

PRO Vestland Opplæringskontor består av eit mangfald av bedrifter i heile fylket, og vi håndterar mellom 100 og 150 lærlingar i året. Vårt motto er: “vi skal gjere det trygt og enkelt å være lærling og lærebedrift”. Derfor fokuserer vi på å rekruttere lærlingar til våre medlemsbedrifter og følger opp lærlingane frå søknad om læreplass til fagarbeider, seier Jorunn Kirketeig. 

 
 

 

Artikkelen fortsett under bildet

Foto: Pro Vestland oppplæringskontor

 

Kirketeig har vore dagleg leiar sidan opplæringskontoret vart stifta i 1998, og til neste år feirar dei 25-års jubileum. Sjølv om dei er veletablerte i bransjen har dei ikkje tenkt å kvile på lauvbæra:  

Vi ønskjer å vokse og utvikle oss, og er stadig på jakt etter nye måtar å jobbe på. Dette kan vere nye tenester som kan sikre våre medlemsbedrifter gode og nok lærlingar eller styrke konkurranseevna til våre medlemmer gjennom å trekke til seg dei beste fagfolka, seier ho.   

   

Jobbar regionalt og internasjonalt 

I tillegg til å jobbe regionalt med rekruttering av lærlingar, er PRO Vestland med i eit internasjonalt prosjekt for å med mål om å auke rekruttering til logistikkfag.  

Akkurat no er det stor mangel på logistikkoperatører, og ser at dette prosjektet er viktig for å skaffe nok lærlingar og fagarbeidarar med logistikkfagbrev til våre medlemmer, seier Kirketeig. 

 

Snart lærling?  

PRO Vestland tar i mot søknadar frå dei som er på jakt etter læreplass. Når du legg inn ein søknad hos PRO Vestland, har du søkt til alle deira medlemsbedrifter som tilbyr læreplass som er relevant for deg. I tillegg får du tett oppfølging frå og får vere med på faglege og sosiale arrangement. Dersom dette verkar interessant for deg eller nokon du kjenner, kan du lese meir på heimesidene til opplæringskontoret. 

  

Nysgjerrig på eit medlemsskap i Hub for Ocean?  

Ta gjerne kontakt med oss, eller les meir om oss her.  


Hei, vi vil høyre frå deg! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?  

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik