Om menneska

 
Portrett av Kristin Svardal

Kristin Svardal

dagleg leiar
+47 905 12 728
E-post

LinkedIn

Kristin vart tilsett i 2017, og kom frå ei stilling som seniorkonsulent logistikk i Statoil ASA. Ho har tidlegare vore tilsett i Sparebanken Sogn og Fjordane med erfaring innan leiing, prosjekt og sal. Sidan 2019 har Kristin fungert som nestleiar, og i 2022 tok ho over roret som dagleg leiar i Hub for Ocean etter Stein Kvalsund.

Kristin har ein Bachelor of Business Administration, samt eit Management program i endringsleiing frå Handelshøyskolen BI. Ho har og gjennomført eit leiarutviklingskurs innan relasjonsleiing.

Portrett av Stein Kvalsund

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

LinkedIn

Stein var med å starte Hub for Ocean i 2012 og har mange års erfaring med utviklingsarbeid frå både privat og offentlig sektor. Stein er ein kreativ, entusiastisk og samarbeidsorientert person som søkjer etter nye løysingar gjennom synleggjering og nettverksbygging mellom personar og verksemder. Etter 10 år som dagleg leiar gav han i 2022 roret vidare til Kristin Svardal. Han gjekk då inn i ei rolle som COO/viseadministrerande leiar.

Stein har ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda. I tillegg har han eit årsstudium i bedriftsøkonomi, samt eit Management Program i samspel og leiing frå Handelshøyskolen BI.


Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Maria Benæs Hunvik

kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

LinkedIn

Siri starta i august 2023 og har lang erfaring med prosjektleiing og utviklingsarbeid innan privat og offentleg sektor. Ho har m.a. jobba med NHO sitt leverandørutviklingsprogram Innovative offentlege anskaffingar. Siri er ein engasjert og positiv nettverksbyggar og vil ha ansvar for å gjennomføre planlagde arrangement i Hub for Ocean. Ho blir også sentral i arbeidet med å utvikle og drive ulike prosjekt i lag med våre medlemmer.

Siri har Bachelor i Reiselivsleiing frå Høgskolen i Kristiania/Høgskulen på Vestlandet, studert Interkulturell kommunikasjon ved NLA Høgskolen og deltatt på Innovasjon Norges gründerprogram. Ho studerer no Innovasjon og bærekraft ved Høgskulen i Kristiania.

 

Maria starta hos oss i 2021. Ho jobber med å synleggjere medlemmane og ha ein god dialog med andre tilsette og medlemsbedrifter innan kommunikasjon. I tillegg har ho fokus på finansieringsordningar som kan vere aktuelle for våre medlemmer.

Maria har ein bachelor i Graphic Design frå Southampton Solent University, samt årsstudium i Informasjonvitenskap frå Universitet i Bergen.


 

Siri Odijk Solbakken

kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
E-post

LinkedIn

Siri vart tilsett i 2020, og kom frå ei stilling om Sal- og marknadsansvarleg i Visit FjordKysten. Siri er fokusert på å synleggjere medlemmane og moglegheitene som finst i området. Ho ønskjer å skape gode møteplassar som bidrar til koplingsaktivitet og forretningsmessige moglegheiter.

Siri har ein bachelorgrad i «Samanliknande Politikk» og ein påbegynt master i «Administrasjon- og organisasjonsvitskap» frå Universitetet i Bergen. I tillegg har ho eit årsstudium i «Reiselivsleiing» frå Universitetet i Stavanger.

 

Maria Brandsøy

foreldrepermisjon

Maria vart tilsett i 2016 og kom frå ei stilling som Executive Assistant i FMC Technologies. Maria jobbar hovudsakeleg med hydrogensatsinga vår Ocean Hyway Cluster der ho er ansvarleg for vårt internasjonale arbeid og større arrangement.

Maria har ein mastergrad i International Business Management frå Newcastle University og ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda. I tillegg har ho eit årsstudium i økonomi og leiing frå Høgskulen i Ålesund.


 
Portrettbilde av Kristina Skogen

Kristina Storegjerde Skogen

foreldrepermisjon

Kristina starta hos oss i 2021. Ho jobbar med hydrogensatsinga vår Ocean Hyway Cluster, og er tilsett som prosjektingeniør i det tekniske teamet. I OHC jobbar Kristina med å løyse ulike tekniske problemstillingar og utfordringar knytt til hydrogen i maritim sektor.

Kristina har ei bachelorgrad i marinteknikk, samt ei mastergrad i Innovasjon og entreprenørskap frå Høgskulen på Vestlandet. Ho har òg fullført eit hydrogenteknologikurs hausten 2021.