Havtech forenklar fiskerikvardagen 

I November fekk vi heile nye fire medlem i Hub for Ocean, og med Havtech som ein av aktørane. Havtech er eit teknologiselskap som forenklar administrasjon og kommunikasjon mellom rederi og mannskap.  

 

Alltid oppdatert informasjon

I august lanserte Havtech programvaren Ombord, som er ein moderne, skybasert løysing for samhandling mellom rederi og mannskap. Systemet blir brukt til mellom anna turnusplanlegging, formidling av reisedokument, fartstidsrapportering, og generell kommunikasjon mellom rederi og mannskap. For fiskeflåten tilbyr dei òg sanntidsoppdatert lottberekning (beskrivelse).  

Det mest særeigne med vår løysing er at kvar enkelt mannskap/ fiskar har sin brukar på telefon eller nettbrettet, og finner alltid oppdatert informasjon om det som gjelder seg og sitt, seier Kjartan Habbestad.

Artikkelen fortsetter under bildet.

 

Team Havtech. Frå Venstre: Kristoffer Hatlevik (utviklar), Kjartan Habbestad (dagleg leiar), Ann Kathrin Haarklau (marknadsansvarleg) og Tor Einar Erikstad (styreleiar).

 

Havtech vart etablert i 2021 og er eit teknologiselskap med base i Holmedal i Askvoll kommune. Dei er no fire tilsette, som jobbar med å forenkle administrasjon og kommunikasjon mellom rederi og mannskap. Selskapet er eit resultat av idear skapt av rederi, mannskap og rådgjevarar som saman har sett moglegheter for digitalisering. 

 

Kva håpar de å få ut av medlemskapet?  

Hub for Ocean er ein medlemsorganisasjon som spissar seg mot maritim næring på Vestlandet, og er eit nyttig koplingspunkt for oss opp mot relevante aktørar i næringa. Gjennom medlemskapet i Hub for Ocean trur vi at vi blir ein del av eit nettverk og eit miljø av aktørar og verksemder som brenner for utvikling og dei maritime næringane like mykje som vi gjer, seier Kjartan Habbestad, dagleg leiar i Havtech.  

  

Internasjonalt potensiale 

Løysinga deira vil også ha nytte for aktørar utanfor våre landegrenser, men i første omgang vil dei satse på Noreg. 

Vi investerer no tungt i både teknologi og utvikling, og i menneskene i Havtech. Vi har som ambisjon å bygge eit sterkt kompetansemiljø som kombinerer bransje og teknologi.  

Vi har i dag samarbeidspartnarar og kundar innanfor både fiskeri og i kystfrakt-segmentet. Her skal vi i fyrste omgang vidareutvikle oss i den norske marknaden i begge desse marknadene. Men vi veit at vi adresserer problemstillingar som ikkje er særnorske og ser også eit internasjonalt potensiale der framme, avsluttar Habbestad med.  

 

Nysgjerrig på eit medlemsskap i Hub for Ocean?  

Ta gjerne kontakt med oss, eller les meir om oss her.  


Hei, vi vil høyre frå deg! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?  

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik