Vil bidra til vekst i kystnært næringsliv 

Vi har gleda av å ønskje Norne Securities velkommen som nytt medlem. Norne Securities er ein fullservice investeringsbank med spisskompetanse innan blant anna kystnært næringsliv og fornybar kraft. Norne har hovudkontor på Vestlandet og har gjennom tilrettelegging av over 100 transaksjonar dei siste tre åra opparbeida eit bredt selskaps- og investornettverk i regionen.   

Norne tilbyr tenester for bedrifter i forbindelse med finansieringsprosessar, blant anna som tilretteleggjar ved innhenting av ny eigenkapital. Meklarhuset tilbyr også rådgjevingstenester innan oppkjøp, sal og fusjoner av selskap. Gjennom tilrettelegging av transaksjonar for bedrifter innan blant anna akvakultur, maritim industri og fornybar kraft har Norne opparbeida kompetanse om kystnære industriar.  

Vi har tatt ein prat med Lars Arne Rygg som jobbar i Norne Securities for å bli betre kjent.  

 

Kvifor ville de bli ein del av Hub for Ocean – nettverket?  

 

Som ein aktiv aktør i kapitalmarknaden og den einaste investeringsbanken med hovudsete på Vestlandet er det viktig for oss å være tett på miljø med leiande kompetanse i regionen. Det var derfor naturlig for oss å ta kontakt med Hub for Ocean. Vi vil også gjerne komme i kontakt med- og bistå medlemmane med finansiering av prosjekt mellom anna gjennom innhenting av frisk eigenkapital. Norne ønsker å legge til rette for at bedrifter med framtidsretta prosjekt kjem i kontakt med relevante investorar og på denne måten bidra til vekst for kystnært næringsliv, seier han.  

 

Kva trendar ser dykk i kapitalmarknaden?   

På tross av generelt usikre tider i kapitalmarknaden venter vi framover vesentlege investeringar i blant anna fornybarkraft og nye energiberar. Dersom norsk industri skal lukkast med å redusere CO2-utslepp utan å redusere produksjonen vil dette krevje store investeringar i blant anna nye energisystem. Ein liknande trend kan ein sjå i havbruket der vi trur fokus i aukande grad vil være å utnytte ressursane best mogleg. Dette vil truleg skape spennande moglegheiter innan både fiskeoppdrett, kraftproduksjon og selskap som tar del i desse verdikjedane.   

Lars Arne Rygg, Norne Securities. 

 
 

Vil hjelpe di bedrift 

Hos Norne står døra alltid open: 

Vi vil gjerne høyre frå bedrifter med spennande prosjekt som treng finansiering. Dersom du vil ha informasjon om innhenting av eigenkapital, sal/fusjonar av selskap eller berre vil ta ein prat er du velkommen til å kontakte meg, avsluttar Rygg. 

Norne er samlokalisert med majoritetseigar Sparebanken Vest. Meklarhuset har analyse på 49 børsnoterte selskap og betener over 150 000 netthandelskunder, samt forvaltar en portefølje på over 18 milliardar kroner for sine kundar.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?  

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin

Maria Hunvik