Back to All Events

Studentarrangement: Storm i et vannglass

25. mars 17:00 - 19:15


Noreg er i dag ein av verdas leiande havnasjoner - og vi har alle forutsetningar for å bli best på hav i framtida. For å klare det treng vi dei beste folka med på laget! Storm i et vannglass er ein årleg konferanse for studentar som gjev innblikk i alt det spennande som venter deg dersom du vel ei karriere retta mot havet.

Program 25. mars

  • 17:00 – 18:10 Presentasjonar frå havnæringane. Kva moglegheiter finst?

  • 18:10 – 19:15 Speed-date mellom bedrifter innan havnæringane og studentar.

Påmelding

Dei 50 studentbillettane for speed-dating blei revet vekk eit par timar etter at påmeldinga opna. Rakk du ikkje å sikre deg billett? Fortvil ikkje! Det er framleis mogleg å bli med på presentasjonane frå havnæringane som går av stabelen frå 17:00 - 18:10. Deltaking er gratis.

Havnæringane står saman

Arrangementet gjennomførast av Maritime Bergen, Hub for Ocean, GCE Ocean Technology, NCE Maritime CleanTech, NCE Seafood Innovation Cluster og Salmon Group i tett dialog med lokalt næringsliv. Dei opp til 50 bedriftene som stiller til speed-dating er spennande bedrifter som deler målet om at Noreg skal bli best på hav i framtida.

Speed-dating

Etter foredrag frå bedrifter innan havnæringane, blir det speed-dating, kor studentane får ein-til-ein samtaler med høgaktuelle bedrifter. Mange av bedriftene har stillingar og sommarjobbar ledige akkurat no, så kanskje du kjem i snakk med din framtidige arbeidsgjevar her? Dersom du ikkje er på jobbjakt enda, men berre er nysgjerrig på havnæringane er dette ein ypparleg moglegheit til å spørje næringslivet om det du lurar på.


Spørsmål?

Ta gjerne kontakt.

 
Line Andersen Maritime Bergen.png

Line Andersen

Prosjektleder
Maritime Bergen

+47 93 89 47 16
line@maritimebergen.no

Foto: Cecilie Bannow

 
Earlier Event: March 17
Vårtreff i Måløy